Passasjervekst på norske flyplassar i juni

Drygt 5,1 millionar passasjerar reiste over lufthamnene til Avinor i juni. Det er ein vekst på 0,5 prosent samanlikna med same månad i fjor.
innenriks

Juni i fjor var første månaden nokon gong at over 5 millionar passasjerar flaug til eller frå Avinors lufthamner. I juni i år heldt auken fram med 5,1 millionar passasjerar, ein auke på 0,5 prosent.

– Juni er ein månad med både mange forretnings- og fritidsreisande, og passasjertalet viser kor viktig norske flyplassar er for norsk næringsliv, reiseliv og turisme, seier trafikkdirektør Jasper Spruit i Avinor.

Talet på passasjerar som flaug innanlands i juni fall med 1,2 prosent, mens talet på utanlandspassasjerar auka med 2,4 prosent. Offshorepassasjerar auka med heile 11,2 prosent.

Av charterdestinasjonar hadde Hellas og Tyrkia størst vekst, med ein auke på høvesvis 8.300 (7 prosent) og 5.800 (90 prosent) passasjerar.

Polen og Frankrike var dei to ruteflydestinasjonane med størst vekst, med høvesvis 19.800 (20 prosent) og 18.500 (22 prosent) fleire passasjerar enn førre periode i fjor.

(©NPK)