Server-vraket ved Fedje skal hevast

Over elleve år etter forliset skal dei siste delane av det forliste lasteskipet Server hevast frå havbotnen ved Fedje i Nordhordland.
innenriks

Det er klart etter at forsikringsselskapet Gard har akseptert kravet til Kystverket om å ta på seg kostnadene, skriv Bergens Tidende.

Rundt 380 tonn bunkersolje lek ut og 40 kilometer strandlinje blei forureina då det Kypros-registrerte lasteskipet forliste ved Fedje 12. januar 2007. Forliset førte til den mest kostbare oljevernaksjonen Noreg hadde hatt til då.

Den fremre delen av skipet, som knekte i to, blei frakta til Ågotnes, mens akterskipet blei liggjande på rundt 40 meters djup.

(©NPK)