David Toska er sett fri på prøve for første gong

Hovudmannen bak NOKAS-ranet, David Toska, er sett fri på prøve for første gong, men han får ikkje lov til å møta nokon frå ranslaget, ifølgje TV 2.
innenriks

I ein lang periode har Toska sona heime med fotlenke, men i mai blei lenka teken av, ifølgje TV 2.

David Toska blei peikt ut som hovudmann då ranarar storma lokala til Norsk Kontantservice i Stavanger i 2004. Han rømde landet, men blei arrestert i Spania eitt år etterpå og blei dømd til 18 års fengsel.

Ranarane fekk med seg eit utbytte på 57,4 millionar kroner, noko som gjer det til det største ranet i noregshistoria. Toskas advokat, Øystein Storrvik, stadfestar frigjevinga overfor VG.

David Toska hadde i utgangspunktet første høvet til å krevja om å bli sett fri i slutten av august 2016. Men, etter eit møte med Metkel Betew, som blei dømd til 16 års forvaring med ei minstetid på ti år for Nokas-ranet, blei prosessen sett på vent og Toska overført til lukka soning. I mars var Toska tilbake i open soning igjen.

Å bli sett fri på prøve er formelt sett ein del av straffa fordi ein får pålagt enkelte vilkår. I Toskas tilfelle inneber det mellom anna at han ikkje får omgåast kriminelle eller personar som blei dømt i Nokas-saka, skriv TV 2.

Under soninga har Toska mellom anna studert fysikk og matematikk. Etter det kanalen får opplyst er planen å halda fram å studera fag innanfor IKT og data på universitetet.

(©NPK)