Eide om Thorvald Stoltenberg: Landsfaderen i moderne tid

Tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg (87) er død. Kai Eide, vennen og samarbeidspartnaren hans i mange år, skildrar han som ein moderne landsfader.
innenriks

– Eg trur kanskje at han meir enn nokon andre blir ståande som landsfaderen i tida etter Gerhardsen. Han blei meir folkekjær enn nokon annan norsk politikar eg kan hugsa, og var ein folk hadde stor tillit til, seier den tidlegare toppdiplomaten Kai Eide om Thorvald Stoltenberg til NTB.

Eide tenestegjorde saman med Stoltenberg som spesialrådgjevar i utanriksdepartementet, og var til liks med Stoltenberg fredsmeklar i det tidlegare Jugoslavia mellom 1993 og 1995.

Etter krigen var slutt gav dei to ut boka «De tusen dagene – Fredsmeklere på Balkan» i 1996.

– Thorvald var genuint oppteken av det å skapa fred. Han hadde ein sterk eigenskap til å ikkje gje seg, ein eigenskap som gjorde at han fekk politikarar i tale, uansett kor ueinige dei måtte vere med han. Han var også ein mann som forstod verdien av kompromiss, forklarer Eide om diplomaten Stoltenberg.

Stoltenberg var i ei årrekkje ein viktig norsk diplomat og ein profilert politikar for Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister frå 1979 til 1981 i Odvar Nordlis regjering, før han blei utanriksminister under Gro Harlem Brundtland i periodane 1987 til 1989 og 1990 til 1993.

Eide skildrar han som eit varmt medmenneske som delte sjenerøst med erfaringane sine, og som var flink til å sjå og forstå andre menneske.

– Han hadde ein utruleg eigenskap til å hugsa og kjenne att menneske. Han kunne hugsa samtalar fleire år tilbake. Han utstrålte menneskeleg varme, og hadde mykje å fortelja. Det gjorde at mange i landet vårt følte seg veldig nær han, seier Eide.

– Thorvald var meir enn ein god kjenning for meg. Han var ein nær omgangsvenn heilt til det siste, og eg og kona kjem til å sakna han, avsluttar han.

(©NPK)