Erna Solberg: Thorvald Stoltenberg blir hugsa som eit varmt menneske

Statsminister Erna Solberg (H) seier meldinga om bortgangen til Thorvald Stoltenberg er trist. Ho har personleg kondolert sonen Jens Stoltenberg.
innenriks

– Eg har teke imot beskjeden om at Thorvald Stoltenberg er død med sorg. Vi hugsar han som utanriksminister og fredsmeklar, men først og fremst som eit varmt menneske, seier statsministeren.

Stoltenberg var i ei årrekkje ein viktig norsk diplomat og ein profilert politikar for Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister frå 1979 til 1981 i Odvar Nordlis regjering, før han blei utanriksminister under Gro Harlem Brundtland i periodane 1987 til 1989 og 1990 til 1993.

Solberg, som hyllar den tidlegare utanriksministeren for innsatsen hans for Noreg, seier han viste varmen sin gjennom hyggjeleg oppmuntring både til unge politiske motstandarar og gjennom å vera oppteken av dei som har falle utanfor.

– Han var ei viktig stemme i det offentlege ordskiftet heilt inntil nyleg. Gjennom eit langt liv gjorde han ein stor og viktig innsats for Noreg. Eg har kondolert Jens Stoltenberg personleg, og sender varme tankar til resten av familie, seier Solberg.

(©NPK)