Framleis sløkking av skogbrannar – meir torevêr i vente

Fredag brenn det framleis ei rekkje stader i Sør-Noreg, særleg i Telemark og Agder. Seinare fredag er det venta meir torevêr, ifølgje meteorologane.
innenriks

Torsdag blei det registrert heile 11.000 lynnedslag, opplyser Meteorologisk institutt – og dette var mange av brannane årsak til.

– Det blir meir torevêr i ettermiddag og kveld. I helga er det truleg berre områda nord på Austlandet og sør i Trøndelag som er utsett, skriv meteorologane på Twitter.

Fredag ettermiddag arbeidde brannmannskap i Telemark med sløkking av mellom 25 brannar, skriv NRK. Det er mest prekært i Drangedal der det er minst sju brannar.

– Der har det brunne i eit gammalt branntårn, og ein bygning har brunne på Sandvik gard, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Martin Haugen.

Også i Agder

Ifølgje Fædrelandsvennen brenn det fredag kveld heile 29 stader i mellom anna Agder-kommunane Valle, Bykle, Bygland, Åmli, Hægebostad, Åseral, Marnardal, Evje og Hornnes, Birkenes, Froland og Risør.

Frå 11.30-tida torsdag ringde det nærmast konstant på 110-sentralen i Telemark, og fylket hadde ein vesentleg del av dei over 100 skogbrannane som råka Sør-Noreg. Og det er betre å ringje éin gong for mykje enn éin gong for lite, seier overbrannmeister Jørn Halvor Ufs til NTB.

– Det er viktig å orientera seg om kor ein er. Finn namn på nærmaste fjell, og kanskje to-tre fjell i nærleiken, fortel han.

Nokon tente likevel bål

Det kan verka som ikkje alle har fått med seg kor stor skogbrannfaren er for tida, for natt til fredag oppdaga brannfolka bål både i Heddal ved Notodden og Skafså i Tokke.

Fredag formiddag rykte brannvesen og politi ut til Gjervoldstadveien i Mandal for å sløkkja eit bål.

– Brannvesen og politi er lite nøgde med å få slike meldingar no. Bålforbudet burde no vera godt kjent, skriv 110-sentralen i Agder på Twitter.

Sjølv om det kom noko nedbør torsdag, er skogbrannfaren på det høgaste nivået mange stader i Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark og i Agder-fylka. Faren er også stor i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, ifølgje oversikta til Yr.

Ifølgje NRK er det frå fredag ikkje eingong lov å røykja i skog og mark i Telemark.

DSB: – Kom deg ut

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har auka beredskapen med brannhelikopter til 16 og har høve til å setja inn fleire ved behov.

I tillegg er Sivilforsvaret sett inn ei rekkje stader i landet.

– Det blir gjort ein formidabel innsats av brann- og redningsvesenet, med god støtte av skogbrannhelikoptera, Sivilforsvaret og frivillige, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB.

– Vi oppmodar folk til å vera forsiktige, slik at det ikkje oppstår nye brannar. Det blir berre tørrare og tørrare. Oppdagar du ein skogbrann, må du varsla raskt til nødnummer 110. Mens du ventar på hjelp kan du starta sløkkingsarbeidet sjølv, men ikkje ta nokon sjansar. Kom deg ut av området før flammane omringar deg, seier Pedersen.





(©NPK)