Norske politikarar hyllar Thorvald Stoltenberg

Thorvald Stoltenberg blir hylla både noverande og tidlegare politiske leiarar, mellom anna som ein sjeldan og unik politikar, og ein som såg både store og små.
innenriks

Thorvald Stoltenberg døydde fredag formiddag, 87 år gammal.

– Han blei meir folkekjær enn nokon annan norsk politikar eg kan hugsa, og var ein folk hadde stor tillit til. Eg trur kanskje at han meir enn nokon andre blir ståande som landsfaderen i tida etter Gerhardsen, seier den tidlegare toppdiplomaten Kai Eide til NTB.

Han og Stoltenberg har i mange år vore nære venner og samarbeidspartnarar.

Stoltenberg var i ei årrekke ein viktig norsk diplomat, og ein profilert politikar for Arbeidarpartiet. Også Ap-leiar, Jonas Gahr Støre strekar under kor populær Stoltenberg var blant folket.

– For mange i og utanfor Noreg er det i dag som om ein av våre nærmaste har gått bort. Han sette menneske først, gav aldri opp, kjende alle, og alle kjende Thorvald, seier Ap-leiaren.

Hylla av partileiarar

Statsminister Erna Solberg (H) seier Stoltenberg gjorde ein stor og viktig innsats for Noreg.

– Vi hugar han som utanriksminister og fredsmeklar, men først og fremst som eit varmt menneske, seier Solberg.

Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande sender dei varmaste tankar til familien.

– No mista vi eit menneske som har forstått at diplomatiet handla om menneske og at politikk handlar om å sjå både dei store og dei små, skiv Grande på Twitter.

Siste samtale med Brundtland

Stoltenberg var forsvarsminister frå 1979 til 1981 i Odvar Nordlis regjering, før han blei utanriksminister under Gro Harlem Brundtland i periodane 1987 til 1989 og 1990 til 1993.

Brundtland minnest den siste samtalen sin med Stoltenberg, og seier han kjende på ei glede over eit rikt levd liv.

«Gro, eg er 87 år og har levd eit innhaldsrikt og fantastisk liv», sa Stoltenberg til Brundtland.

– Inga oppgåve for liten, inga for stor. Slik var Thorvald unik, og slik vil eg hugsa han, som min flotte utanriksminister og nære venn og kollega gjennom så mange år, seier ho.

Tidlegare statsminister og Høgre-leiar Kåre Willoch seier bortgangen Stoltenberg kom overraskande.

– Nyheita om bortgangen hans er trist. Eg var klar over at han ikkje var ved si beste helse, men eg visste ikkje at det hadde kome så langt, seier Willoch.

Willoch seier Stoltenberg var ein verdfull mann for Noreg.

– Han hadde ein sjeldan kombinasjon av kunnskap, handlekraft og evne til å overtyda, seier den tidlegare Høgre-politikaren Willoch til NTB.

– Skaka

Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, arbeidde mellom anna som statssekretær i utanriksdepartementet under Thorvald Stoltenberg på byrjinga av 90-talet.

Dødsfallet hans er slutten på ein epoke for norsk politikk, norsk utanrikspolitikk, og samfunnslivet elles, meiner Egeland.

– Eg er heilt skaka i grunnvollane. Då eg snakka med han for ti dagars tid sidan, så var han ved godt mot. Han hadde også masse idear, slik han alltid hadde når han ringde, seier han til Dagbladet.

(©NPK)