Oslo Børs med kraftigaste børsnedgang i verda

Resultatmeldingar frå dei store børsnoterte selskapa gjorde at hovudindeksen på Oslo Børs fredag fall med heile 1,2 prosent til 874 poeng.
innenriks

Ingen børsar i verda var verre, ifølgje E24. Fallet er ein konsekvens av at resultatsesongen er i gang: dei fem selskapa som fell mest, la alle fram tal fredag morgon.

– Det var nok venta at det skulle vera litt tungt i dag, selskapa som ikkje leverer blir straffa, men eg synest at det er litt i overkant strengt, seier Marius Aaserud, som leier meklarbordet i Handelsbanken Capital Markets.

Orkla og Gjensidige Forsikring fall begge med rundt 10 prosent, mens Aker BP, DNB og Telenor fall med høvesvis 5,5, 0,51 og 0,39 prosent. Equinor stod på staden kvil, mens Storebrand var det einaste selskapet blant dei ti øvste på omsetnadstoppen som gjekk opp, då med 3,5 prosent.

På dei leiande børsane i Europa var det likevel ein langt betre børsdag. DAX 30 i Frankfurt og CAC 40 i Paris gjekk opp høvesvis 0,38 og 0,43 prosent, mens FTSE 100 i London gjekk opp 0,14 prosent. Dow Jones-indeksen på Wall Street i USA gjekk opp med 0,91 prosent, og snuste på nytt på 25.000 poeng.

Prisen på nordsjøolja gjekk opp 0,8 prosent til 75,28 dollar fatet, mens amerikansk lettolje gjekk opp 0,79 prosent til 71,14 dollar fatet.

(©NPK)