– Det gode mennesket Thorvald Stoltenberg er ikkje lenger blant oss. Vi tek imot bodskapen med djup sorg og minnest Thorvald med stor takksemd, seier Støre.
– For mange i og utanfor Noreg er det i dag som om ein av våre nærmaste har gått bort. Han sette mennesket først, gav aldri opp, kjende alle, og alle kjende Thorvald, seier Ap-leiaren.
Stoltenberg var i ei årrekkje ein viktig norsk diplomat og ein profilert politikar for Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister frå 1979 til 1981 i Odvar Nordlis regjering, før han blei utanriksminister under Gro Harlem Brundtland i periodane 1987 til 1989 og 1990 til 1993.
– For humanisten, diplomaten, medmennesket og forteljaren Thorvald var dette det viktigaste: Kravet kvart einskild menneske har på verdigheit. Om det var i krig eller fred, ute eller heime, seier Støre.
Han omtalar Stoltenberg som ein mann som var ein leiande ambassadør for solidaritet og trua på evnene menneska har til å finna fredelege løysingar saman.
– Det er evner verda trenger meir enn nokon gong før, seier Støre.
(©NPK)