Thorvald Stoltenberg er død

Tidlegare utanriksminister og forsvarsminister Thorvald Stoltenberg er død, 87 år gammal, opplyser familien.
innenriks

– Han døydde fredeleg heime i formiddag, med familien rundt seg, etter å ha vore sjuk i kort tid, opplyser familien.

Stoltenberg var i ei årrekke ei viktig norsk diplomat og ein profilert politikar for Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister frå 1979 til 1981 i Odvar Nordlis regjering, før han blei utanriksminister under Gro Harlem Brundtland i periodane 1987 til 1989 og 1990 til 1993.

– For mange i og utanfor Noreg er det i dag som om ein av våre nærmaste har gått bort. Han sette mennesket først, gav aldri opp, kjende alle, og alle kjende Thorvald, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Han omtaler Stoltenberg som ein mann som var ein leiande ambassadør for solidaritet og trua evna menneske har til å finna fredelege løysingar saman.

– Det er evner verda trenger meir enn nokon gong før, seier Ap-leiaren.

Thorvald Stoltenberg er far til tidlegare statsminister og noverande Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg. Etter å ha vore vert for USAs president Donald Trump og dei andre statsleiarane i forsvarsalliansen under toppmøtet denne veka, reiste Jens Stoltenberg til Oslo torsdag kveld.

Thorvald Stoltenberg var også FNs fredsmeklar i det tidlegare Jugoslavia mellom 1993 og 1995, eit tidspunkt der Balkan-krigen stod på for fullt.

I 1990 fungerte han som FNs høgkommissær for flyktningar. Frå 1999 til 2008 var han president i Norges Røde Kors.