Thorvald Stoltenbergs siste ord til Brundtland: Eg har levd eit fantastisk liv

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland minnest den siste samtalen sin med Thorvald Stoltenberg døydde fredag. Han hadde ei særeigen utstråling, seier ho.
innenriks

«Gro, eg er 87 år og har levd eit innhaldsrikt og fantastisk liv», var orda frå Stoltenberg til Brundtland i den siste samtalen dei hadde.

– Han ville det skulle vera slik vi skulle hugsa han. Eg har sjeldan opplevd ei slik samtidig varm kjensle av takksemd og glede over eit så positivt og så rikt levd liv. På den siste samtalen vår forstod eg at Thorvald også følte det slik, seier Brundtland, som var Stoltenbergs sjef i to regjeringar.

Stoltenberg var i ei årrekkje ein viktig norsk diplomat og ein profilert politikar for Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister frå 1979 til 1981 i Odvar Nordlis regjering, før han blei utanriksminister under Gro Harlem Brundtland i periodane 1987 til 1989 og 1990 til 1993.

– Den særeigne varmen og utstrålinga til Thorvald nådde så mange, påverka så mange. Samtidig veit eg at det gav han ei enorm glede å kunna dela, reisa, inspirera og vera ein del av eit stort sosialt fellesskap, i parti og land, seier Brundtland.

Den tidlegare statsministeren seier ho har vore imponert over energien og pågangsmotet til Stoltenberg, også heilt opp til dei aller siste månadene og åra.

– Inga oppgåve for lita, inga for stor. Slik var Thorvald unik, og slik vil eg hugsa han, som den flotte utanriksministeren min og min nære venn og kollega gjennom så mange år, seier ho.

Brundtland og Stoltenberg møttest, også saman med familiane og barna sine, allereie då Brundtland var ung lege.

– Eg lærte mykje av han, lenge før eg sjølv blei kalla til Kongens bord. Eg takkar Thorvald for alt han har stått for, ute og heime, evna og viljen til å representera Arbeidarpartiet, Regjeringa og landet vårt på ein så overbevisande måte, i tiår etter tiår, seier Brundtland.

(©NPK)