Tørken

Bøndene ber statsministeren komme seg ut

Katastrofen i landbruket er eit faktum, derfor må statsminister Erna Solberg avbryte ferien og vise seg, seier bonde- og småbrukarlagsleiar Merete Furuberg.

Småbrukarar Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag møtte landbruks- og matminister Jon Georg Dale måndag. Her fekk ho ingen løfte om økonomisk bistand under krisa. No ber ho statsministeren komme på bana.  Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

innenriks

– Landbruket er i ein skikkeleg katastrofe, og ved alle andre katastrofar så stiller statsministeren opp. Eg får dagleg mange meldingar frå fortvilte bønder, det er snakk om tusenvis av matprodusentar som er ramma. Her må statsminister vise seg, det vil bety mykje psykisk. Så må ho også følgje opp med økonomisk hjelp, om ikkje er det fare for konkursar. I tillegg er det jo vår felles matproduksjon som står på spel, og statsministeren må vise seg når ei så stor krise rammar landet vårt, seier Merete Furuberg til NTB.


Tørke gjer formangel i Sør-Noreg

– Ver med og bidra

Møre og Romsdal bondelag ber lokale bønder vere med å bidra til å løyse forkrisa i Sør-Noreg.


Sende brev

Bonde- og småbrukarlagsleiaren sende torsdag eit brev til Erna Solberg der ho oppfordrar regjeringssjefen til å skaffe seg informasjon om krisa ved å sjå sjølv. Ved Statsministerens kontor får NTB opplyst at Solberg i første omgang ikkje har planlagt å avbryte ferien for å besøkje kriseramma bønder. Furuberg er skuffa.

– Vi hadde eit møte med landbruks- og matminister Jon Georg Dale no på måndag, der vi frå jordbruket la fram krav til regelendringar og krav av økonomisk karakter. Regelendringane kvitterte han ut, men gav ingen løfte om pengar. Han avviste det rett nok ikkje, og det blei nedsett ei gruppe frå folk i jordbruket og staten som skal jobbe vidare med dette. Men tar det for lang tid før det kjem sikre signal om økonomisk hjelp vil det gå på psyken og helsa laus. Det ville betydd mykje om statsministeren kom og såg sjølv korleis stoda er, seier Furuberg.


Ekstremtørken gjer at bønder må slakte dyr

Bønder fortvilar over den verste sommartørken sidan 1947. Bonde Ståle Hansen i Akershus må slakte over halve besetninga på grunn av fôrmangel.


Lagleiar

Fram til ferien til Erna Solberg er unnagjort i byrjinga av august, er det førebels berre lagt opp til at ho skal delta som lagleiar under ein fotballkamp for berekraftsmålet til FN onsdag neste veke, i tillegg til at ho vil delta under bisettinga til Thorvald Stoltenberg i Oslo Domkirke dagen etter. Ho avbraut dessutan ferien sist søndag for å delta under markeringa av sjuårsdagen for 22. juli-angrepa.

(©NPK)