No er faren for heteslag stor

Når temperaturen aukar til over 33 grader, aukar faren for heteslag betrakteleg. Særleg er eldre, barn og kronisk sjuke i faresona.

Avkjøling Mange lar seg friste til forfriskende bad i sjøen i det varme sommerværet.   Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

innenriks

Både Noreg og Sverige har hatt svært høge temperaturar i sommar.

Den offentlege, svenske tenesta 1177 Vårdguiden melder om ein kjempeauke i søk på temaa heteslag, dehydrering og andre varmerelaterte helseplager.

Dei drygt tre første vekene i juli har tekstane om heteslag hatt ein auke på heile 377 prosent. For dehydrering har talet auka med 260 prosent, skriv nyheitsbyrået TT.

– Det er ein indikasjon på at denne typen problem er betydeleg meir omfattande i år, noko som ikkje er så veldig rart, ettersom det er betydeleg varmare, seier Staffan Gullsby, lege ved 1177 Vårdguiden


Fredag kan 46 år gammal varmerekord ryke

Aldri har det vore så varmt i Noreg som då Nesbyen hadde 35,7 grader i 1970. Fredag kan den bli slått, og fleire stasjonar i innlandet er heite kandidatar.


For vepsestikk har talet på sidevisingar gått ned med 68 prosent.

– Veps likar ikkje varmen som rår no. Det er ein dårleg sommar om ein er veps, seier legen.

Ingen auke for legevakta

Det tilsvarande nettstaden her i landet, helsenorge.no, kan så langt ikkje rapportere om den same auken i vising av artiklar knytt til heten.

Så langt har ikkje varmerelaterte problem skapt dei store utfordringane for legevakta i Oslo.

– Vi har ikkje merka stor pågang av pasientar som har komme inn på grunn av varme, seier fungerande avdelingsdirektør Hege Ruud Karlsen ved allmennlegevakta i Oslo til NTB.

Det gjeld også eldre.

– Eg trur at heimesjukepleiarane har vore veldig flinke til å passe på dei som treng å ta til seg væske, seier Karlsen.

Faren for heteslag er størst på varme sommardagar med høg luftfukt. Under langkøyring på soldagar blir det fort varmt i bilen, ifølgje helsenorge.no.

Barn, eldre og kronisk sjuke er meir utsette for å få heteslag, skriv lommelegen.no.

Lyse, lause klede

Opphald i omgivnader med temperaturar som er høgare enn kroppen er vand til, kan føre til heteslag, ifølgje Norsk Helseinformatikk. Ved temperaturar over 33 grader aukar faren betrakteleg.

Nettsida tilrår lyse, lette og laustsitjande klede i varmen, og gjerne ein hatt, paraply eller parasoll.

Rådet er også å drikke vatn før ein går ut i varmen, og fortsette å drikke jamt utover dagen. Vatn er best, og ein bør styre unna særleg mykje vassdrivande drikker som te, kaffi, cola eller alkohol.

Personar med kronisk sjukdom bør spørje legen om korleis dei skal takle heten. Nokon kan ha sjukdommar eller ta medisinar som gjer at dei bør vere forsiktig med å drikke mykje.

Ingen meldingar om dødsfall

Frå tid til annan blir det rapportert om dødsfall knytt til hetebølgjer i andre land.

Seinast denne veke blei det kjent at ni menneske hadde omkomme i Japan, der temperaturane var oppe i over 41 grader. I starten av juli blei Canada råka av ei hetebølgje som kosta minst 70 menneske livet, hovudsakleg eldre og sjuke.

NTB har vore i kontakt med fleire offentlege instansar her i landet. Ingen av dei melder om dødsfall knytt til dei høge temperaturane, men dei kan heller ikkje sjå bort frå det.

(©NPK)