"God nok kapasitet"

Innovasjon Noreg avviser turistproblem

Det ser ut til å gå mot ein rekordsommar for turistnæringa, og Noreg har meir enn god nok kapasitet, meiner direktør Audun Pettersen i Innovasjon Noreg.

Turiststraum Det er stor trafikk i Geiranger om sommaren, men NHO Reiseliv meiner det fortsatt er rom for vekst.  Foto: Anniken Westad

innenriks

– Det er ein del medieoppslag om at vi har utfordringar på nokre få destinasjonar. Mykje av dette kan enkelt løysast, og generelt sett har vi god kapasitet, seier Pettersen til Dagens Næringsliv.

Han viser til Preikestolen, Trolltunga, Geiranger og Lofoten som stadene som har hatt dei største problema. Samtidig seier han at det er lite som skal til for å leggje til rette for fleire turistar. Han peikar på lettvinte tiltak som fleire søppelkasser, toalett, betre skilting og guiding.

Ikkje uroleg

Pettersen er heller ikkje uroleg for den aukande turistbølgja.

– Det er mykje snakk om overturisme og samanlikningar med feriestader som Mallorca, Kanariøyane og Barcelona. Situasjonen i Noreg er langt frå dette. Vi har ikkje eit turistproblem.

Kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i NHO Reiseliv seier seg einig.

– I Noreg har vi svært god kapasitet. Berre 50 prosent av den totale kapasiteten er utnytta. Veksten ligg heilt innanfor tolegrensa og er både

ønskt og vilja.

Rekordsommar

Ifølgje Pettersen og Habberstad ligg det an til ein ny rekordsommar for turistnæringa – for femte året på rad.

(©NPK)