Redusert fiske

Meir gytelaks i norske elvar

Talet på laks som kom tilbake som gytelaks til norske elvar i fjor, auka med 13 prosent, viser ein ny rapport.
innenriks

– På grunn av redusert fiske har talet på laks som gyter i elvane auka dei seinare åra. Tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og sur nedbør har samtidig ført til ein betre situasjon for villaksen i mange elvar, seier NINA-forskar Torbjørn Forseth til Nationen.

Han er ein av hovudforfatterane bak rapporten «Status for norske laksebestandar 2018» frå Vitskapsrådet for lakseforvaltning.

Ifølgje denne kom rundt 530.000 villaks tilbake til Noreg for å gyte i 2017. Det tilsvarande talet for 2016 var 470.000.

– Auken i talet på gytefisk viser at innstramningene vi har gjort i fisket, har fungert slik som tenkt, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

(©NPK)