Fórproduksjonen

Fire av ti bønder trur på mindre mjølk

40,9 prosent av bøndene trur fôrsituasjonen i Noreg kan føre til redusert mjølkeproduksjon. 2,7 prosent av dei seier dei vil slutte med mjølkeproduksjon.
innenriks

Det kjem fram i ei undersøking som Tine har gjort blant bøndene som er knytte til selskapet, skriv Nationen.

21,3 prosent av bøndene svarer at dei vil få opptil 10 prosent redusert produksjon, mens 19,6 prosent trur produksjonen kan bli redusert med over 10 prosent.


Bøndene blir bedt om å trappe opp brannberedskapen

Brannfaren er no så ekstrem over store delar av landet at bøndene må trappe opp beredskapen, oppmodar Landbrukets brannvernskomité.


– Dei mange svara, og funna viser klart alvoret i situasjonen. Det eksisterer ein alvorleg fôrmangel i store delar av landet, og mange enkeltprodusentar har stort fôrunderskot, seier kommunikasjonsdirektør Lars Galtung i Tine.

Til saman 2.700 mjølkebønder har svart på undersøkinga. Tine har bedt om eit møte med landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) om situasjonen som følgjer av den ekstreme tørken.


Avlingsskadane kan koste 1,1 milliardar

Tørken har gjort at avlingane til svært mange bønder har blitt dårlege i sommar. No viser nye berekningar at avlingsskadane kan koste over ein milliard kroner.


– Viss Tine ser behov for eit slikt møte, så kjem dei til å få det, sa landbruksministeren til NTB for vel to veker sidan.

(©NPK)