Cruise

Kraftig auke i cruisetrafikken i polare strok

På fem år auka talet på cruiseturistar til Svalbard og polare strok med ein tredel. No skal ytterlegare 25 ekspedisjonsskip setjast i trafikk.

Denne isbjørnen måtte bøte med livet då han angreip mannskap frå eit cruiseskip som gjekk i land på Phippsøya på Svalbard. No kjem cruisetrafikken i området til å auke kraftig.   Foto: Gustav Busch Arntsen / Sysselmannen på Svalbard / NTB scanpix / NPK

innenriks

Totalt skal 25 nye cruiseskip, designa for å segla i islagde og sårbare område, blir levert til forskjellige cruiseoperatørar dei neste tre åra, ifølgje interesseorganisasjonen for cruiseoperatørar i Arktis, AECO. Den venta auken i aktiviteten kjem etter periode der talet på ekspedisjonspassasjerar steig frå 11.500 i 2012 til 18.000 passasjerar i fjor, melder NRK.

Fekk kritikk

Blant dei som har bestilt nye skip, er reiarlaget Hapag-Lloyd, som nyleg måtte tole kritikk etter at ein isbjørn på Svalbard blei skoten og drepen av mannskapet på eitt av skipa til reiarlaget. Reiarlaget har bestilt tre nye cruiseskip, designa for ekspedisjonar i polare strøk.

Hurtigruten, som allereie arrangerer ekspedisjonscruise til Svalbard, har bestilt to nye hybridskip.

Sjå på regelverk

– Vi føler oss komfortable med at vi klarar å opptre ansvarleg. Likevel er det heilt klart grunn til å sjå på regelverket, uavhengig av om det er eit folkekrav eller ikkje, fordi dette er eit sårbart miljø. Vi meiner i det er mogleg å operera ansvarleg på Svalbard med rett kompetanse og dyktige folk, seier miljøsjef Jørn Henriksen i Hurtigruten.

Strenge restriksjonar

Cruisetrafikken på Svalbard er underlagt strenge restriksjonar, og i dei mest sårbare områda er det totalt ferdselsforbod. Sysselmannen har allereie sett ein tendens til at talet på regelbrot er aukande og er bekymra for at det skal vera vanskeleg å få formidla reglane til alle, når det no kjem fleire skip frå fleire aktørar.

– Jo fleire aktørar du har, desto vanskelegare er det å nå fram med bodskapen til alle, seier miljøvernsjef Morten Wedege hjå Sysselmannen på Svalbard,.