Næring

Rekord for sjømateksporten i juli

Noreg eksporterte 159.000 tonn sjømat til ein verdi av 7,1 milliardar kroner i juli. Det er ein auke på 7 prosent i eksportverdi frå same månad i fjor.

Sjømat Sjømateksporten sette ny rekord i første halvår med ein eksport på 1,4 millionar tonn sjømat til ein verdi av 48,1 milliardar kroner. Også i juli blei det ny rekord.   Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

innenriks

Volumet i julieksporten var 8 prosent høgare, mens eksportverdien auka med 7 prosent eller 2,2 milliardar kroner frå juli i fjor.

Sjømateksporten svingar med sesongane, og normalt er juli den svakaste eksportmånaden, ifølgje Noregs sjømatråd.

78 prosent av den totale sjømateksporten denne månaden kom frå havbruk. Her var eksporten på til saman 5,5 milliardar, noko som er ny rekord.

Nest høgste julimånad

For fiskeri var dette den nest høgste julimånaden nokosinne, med ein eksportverdi på 1,5 milliardar. Det er ein auke på 5 prosent sidan fjoråret, men 9 prosent lågare enn julirekorden i 2015.

– Vekst i eksportvolumet av laks i juli, kombinert med framleis høge lakseprisar, gav rekord i eksportverdien for juli månad, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd.

Sjømateksporten sette også ny rekord i første halvår med ein eksport på 1,4 millionar tonn sjømat til ein verdi av 48,1 milliardar kroner.

(©NPK)