Nationen

Avlingstap på 5,5 milliardar

Avlingssvikten i landbruket kan føre til eit tap på 5,5 milliardar kroner, ifølgje Nationen. Avisa viser til prognosar gjort av fylkesmenn rundt om i landet.
innenriks

Nationen skriv at avlingsverdien ved eit normalår ligg på 15,8 milliardar kroner.

Ifølgje berekningane til avisa, gjort i samarbeid med Fylkesmannen i Vestfold, kan verdien i år ende på 10,3 milliardar kroner, noko som betyr at det totale tapet blir på 5,5 milliardar.


Møre og Romsdal

Bønder kan bidra i tørkekrisa

- Bøndene i Møre og Romsdal kan bidra i tørkekrisa, seier fylkesleiarane Oddvar Mikkelsen i Bondelaget og Stein Brubæk i Bonde- og Småbrukarlaget.


Det er eit mykje høgare tal enn dei 1,1 milliardane Landbruksdirektoratet forventar at bønder vil søke om i avlingsskadeerstatning.

– Det er ikkje overraskande, men det er framleis ein del uvisse knytt til talet. Med eit atterhald om korleis dei siste vekene med vekstsesong kjem til å bli, verkar talet rimeleg, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til Nationen.

Merethe Fureberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag seier til same avis at berekningane er høgare enn dei frå hennar eigen organisasjon.

Ho er likevel sikker på at dei økonomiske tapa kjem til å bli store.

– No er det ein unormal ekstremsituasjon. Staten må komme med ekstra friske middel. Det er tørkekrise i mange land, og det går ikkje å tenkje at ein berre skal løyse heile situasjonen ved import, meiner Furuberg.

(©NPK)