Norge

Stadig fleire kvinner på jakt

Til saman var 10.300 kvinner med på jakt førre sesong, men framleis utgjer dei berre 7,3 prosent av totalen. Det vart felt 31.611 elg og 167.000 ryper.
innenriks

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte tysdag ein omfattande jaktstatistikk. Den viser at det til saman var 142.000 jegerar som jakta i løpet av sesongen.

– Kvinnedelen aukar stadig, og for jaktåret 2017/2018 utgjorde kvinnene 8,8 prosent av dei som betalte jegeravgifta, skriv SSB.

Blant dei som deltok i jakta, utgjorde altså kvinnene 7,3 prosent.

Populært

Mest populært blant norske jegerar er hjortejakta – som også inkluderer elg. Til saman hadde Noreg 94.000 hjortejegerar førre sesong.

– Elgen er framleis det hjorteviltet flest jaktar. Totalt var det 61.000 jegerar som jakta elg hausten 2017, skriv SSB. 48.000 jegerar jakta hjort. Sjølv om det er lov å felle fleire hjort enn elg, er det altså framleis flest elgjegerar.

Totalt vart det felt 31.613 elg, 42.541 hjort, 5.515 villrein og 33.280 rådyr i løpet av sesongen.

Dårleg rypeår i Nord

Statistikken over talet på felte småvilt, viser at det vart felt 8 prosent færre ryper enn året før.

– Nedgangen kjem av hovudsakleg redusert utbyte i Troms og Finnmark. I Sør-Noreg fortsette oppgangen frå året før, skriv SSB.

I alt vart det felt 65.000 ryper i Nord-Norge, ein nedgang på heile 31 prosent frå året før. I Sør-Noreg auka rypeutbytet med 16 prosent. Av det totale utbytet på 167.000 felte ryper var 107.000 liryper og 60.000 fjellryper.

Uønskt

I sommar har det vore ein del snakk om villsvin, som i stadig større flokkar strøymer over grensa frå Sverige. Stortinget er samstemte om at dette er eit uønskt dyr i Noreg, og fleire har tatt til orde for auka jakt på villsvin for å bli kvitt problemet.

Samanlikna med Sverige, er villsvinjakta i Noreg førebels beskjeden. I fjor vart det skote i underkant av 230 villsvin her til lands.

– Årleg blir det no felt over 100 000 villsvin i Sverige, seier seniorrådgjevar Amund Steinset i SSB.

SSB har utarbeidd ei eiga temaside om jaktstatistikken, som dei reklamerer med at kan gi svar på mykje av det ein lurer på om jakt og jegerar.

(©NPK)