Trassa fare

Styresmaktene set inn vakter ved Nigardsbreen etter dødsfall

Luster kommune set ut vakter ved Nigardsbreen for å unngå fleire dødsfall etter at ein turist omkom søndag.

Sperring Året etter at eit foreldrepar omkom ved Nigardsbreen i 2014 vart det sett opp nye sperringar. Framleis vel mange turistar å trasse sperringane.   Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

innenriks

– For å styrkje arbeidet vårt i ein periode framover set vi i gang ei ordning med fysisk vakt på ettermiddagen når det er flest folk i området, seier rådmann Jarle Skartun i Luster til NRK.

Ein 38 år gammal mann frå Austerrike omkom etter å ha falle i Nigardsbrevatnet i Luster kommune i Sogn og Fjordane søndag. Mannen var éin av tre personar som hamna i vatnet etter at ei isblokk losna frå breen og laga ei stor bølgje.

Dei tre hadde gått forbi sperringane som var sette opp for å halde turistane på trygg avstand frå breen. Det varme vêret i sommar har ført til at breen fleire gonger har kalva og sleppt frå seg store ismassar.

Fleire har reagert på at turistane er så uvørne ved breen, mellom anna Statens naturoppsyn og dei ansvarlege i Luster kommune.

Allereie dagen etter dødsulykka var det fleire turistar som valde å trasse sperringane ved breen, ifølgje Anne Rudsengen i Naturoppsynet.

(©NPK)