Mange foreldre er lite fornøgde med barnehagematen

Barnehagane lever ikkje opp til forventningane hos foreldra om å servere barna sunn, variert mat, ifølgje Forbrukarrådet og Kost- og ernæringsforbundet.

Undersøking Men 21 prosent av dei spurde kan berre seie seg litt einig i at «barnehagen tilbyr eit godt utval av sunn mat» og 6 prosent seier seg heilt ueinig.  Foto: Colourbox

innenriks

Magnus (4) kuttar seg i fingeren, og Sara (5) får tårer i auga av purreløken, men held ivrig fram med å kutte grønsaker til lunsjen i Espira Grefsen Stasjon barnehage i Oslo.

– Kjøttbollane må vere like store, minner kokken Worachat «Ton» Jurodram om, mens Samuel (4) trillar for harde livet.

Dei står ved skinande benker av rustfritt stål i eit kjøkken som må vere ein draum for Mattilsynet.

Dei 130 barna i Espira-barnehagen, som opna i 2016, får varm mat ein gong om dagen og to brødmåltid. Det betaler foreldra 500 kroner i kostpengar for i tillegg til barnehageavgifta.

Ikkje alle barnehagar satsar like mykje på måltida.

– Eg vil ikkje seie det er enkelt. Det handlar om prioriteringar og pengar ein kanskje ikkje har, seier assisterande styrar Line Bye.

Forventar sunn mat

For mange barnehagar innfrir ikkje foreldreforventningane til måltida, ifølgje rapporten «Næring til liv og læring». Åtte av ti foreldre forventar at det blir servert sunn mat, ifølgje ei spørjeundersøking blant foreldre med barn i barnehage, som Norstat har gjort for Forbrukarrådet.

Men 21 prosent av dei spurde kan berre seie seg litt einig i at «barnehagen tilbyr eit godt utval av sunn mat» og 6 prosent seier seg heilt ueinig.

Dårleg utstyr og lokale og manglande kompetanse hos personalet er blant problema. Barnehagen må følgje dei strenge hygienekrava frå Mattilsynet.

Bye fortel at dei aldri har fått klager på prisen, sjølv om barna i barnehagen kjem frå alle samfunnslag. Mattilbodet bidrar til å jamne ut forskjellane, ifølgje Bye.

Barnehagen nyt godt av stordriftsfordelar og gode avtaler med grossistar, moderne kjøkkenfasilitetar og altså eigen kokk. Slike er det ikkje overalt, medgir Bye, som tidlegare jobba i ein barnehage «i eit vognskjul». Også der serverte dei barna varm mat.

– Kommunen har ansvaret

Kommunane må sørgje for at barnehagane har det som trengst for å kunne servere sunn, variert mat, seier leiar Arnt Steffensen i Kost- og ernæringsforbundet. Forbundet organiserer institusjonskokkar og andre som jobbar med matlaging og ernæring.

– Til sjuande og sist er det kommunepolitikarane som har ansvaret, seier han.

– Dette handlar om å investere i framtida. Viss det kan føre til at berre ein liten del av ungane unngår livsstilssjukdommar, som er utruleg kostnadskrevjande, kjem det uansett til å lønne seg, seier han.

– Gode eksempel

Anne Kristin Vie, som er fagdirektør for offentlege tenester og helse i Forbrukarrådet, seier at barna har rett til å få sunn mat og viser til Helsedirektoratets retningslinjer.

– Vi ønskjer å løfte fram gode eksempel for å vise at det går an, seier Vie og minner om at graut både er sunt og godt, ein rett som er så i tida at det har dukka opp eigne grautrestaurantar.

Rapporten fortel om barnehagar som klarer å servere sunn mat under enklare forhold enn i det førsteklasses kjøkkenet på Grefsen.

Det blir peika på fleire «suksessfaktorar»: engasjement hos barnehageleiinga og kommunen, kunnskap om matlaging og kosthald hos dei tilsette og involvering av barna i matlaginga. Rapporten etterlyser òg betre informasjon til foreldra.

Nye retningslinjer

Forbrukarrådet og Kost- og ernæringsforbundet etterlyser ein eigen mat- og måltidspolitikk i kommunane.

Helsedirektoratet skal etter planen leggje fram nye retningslinjer for måltid i barnehagen i haust etter at eit forslag var ute på høyring i fjor.

Måltida som blir serverte i barnehagen, må vere sunne og varierte og i tråd med dei nasjonale retningslinjene, krev Forbrukarrådet og Kost- og ernæringsforbundet i den felles rapporten.

I rammeplanen heiter det at barnehagen skal hjelpe barna til å utvikle matglede og sunne helsevanar. Sjølv om barnehagen ikkje er pålagt å servere mat, gjer mange det. Barnehagen kan krevje kostpengar av foreldra for å finansiere måltida.

(©NPK)