Krisepakke

Bøndene krev tilleggsforhandling

Bondelaget og Småbrukarlaget krev tilleggsforhandlingar med regjeringa om ei krisepakke til jordbruksnæringa, som følgje av ekstremtørken.

Møte Statsminister Erna Solberg og landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte bondeorganisasjonane på eit gardsbruk på Kløfta onsdag ettermiddag. Dei hadde ingen pengar med seg, og no ber landbruksorganisasjonane om forhandlingar om ei krisepakke.  

innenriks

I eit brev frå dei to bondeorganisasjonane blir det vist til unntakstilstandar i norsk landbruk.

Tørke og fôrmangel har fått store konsekvensar for bønder på Aust- og Sørlandet, men også Vestlandet og Trøndelag, og bonderepresentantane omtalar situasjonen som «fortvilt».

«Tørken kan samlet gi en svikt i vederlaget til arbeid og egenkapital på totalt vel 30 prosent etter kompensasjon gjennom avlingsskadeordningen», skriv Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i ei felles fråsegn.

Bondeorganisasjonane meiner situasjonen er såpass alvorleg at det gir bøndene rett til å krevje forhandlingar om eit tillegg til den gjeldande jordbruksavtalen.

– For å få ei økonomisk krisepakke, ber vi om ein tilleggsløyving som må komme på plass i løpet av august. Dette er ikkje reforhandlingar men forhandlingar om ei krisepakke. Jordbruket brukar ein rett vi har til å krevje tilleggsforhandlingar til eksisterande avtale i uventa forhold, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til NTB.

Han meiner situasjonen krev ekstraordinære tiltak og friske middel. Dersom ikkje, er landbruket utsett for mange konkursar og storstilt nedslakting av dyr.

– Vi har klare forventningar til at regjeringa ser det store alvoret i situasjonen etter statsministerens besøk og bidrar med ei krisepakke, meiner Bartnes.

(©NPK)