Borch (Sp): – Mæland gjer Troms og Finnmark til ei slagmark

Kommunalminister Monica Mæland (H) seier ho verken kan eller ønskjer å overta samanslåinga av Finnmark og Troms. Det er ein ansvarsfråskriving, meiner Sp.
innenriks

Fylkestinget i Troms vedtok fredag at dei ikkje vil starte arbeidet med samanslåinga så lenge Finnmark ikkje vil delta i arbeidet. I staden ønskjer Troms-politikarane at Kommunal- og moderniseringsdepartementet overtar arbeidet med dei formelle prosessane som trengst for å slå saman dei to fylka. Fredag ettermiddag seier kommunalminister Monica Mæland klart nei til dette ønsket.

– For det første har eg ikkje lovheimel til å overta desse oppgåvene. For det andre har eg heller ikkje noko ønske om å overta ein prosess som jo handlar om å flytte oppgåver frå staten og ut til fylkeskommunane, seier Mæland til NTB fredag.

I staden inviterer Mæland til dialog i eit forsøk på å komme vidare i prosessen som eit stort fleirtal i dei to nordlegaste fylka ikkje ønsker.

– Ho tar ikkje situasjonen på alvor

Stortingspolitikar Sandra Borch (Sp) var fredag til stades under debatten i fylkestinget i Troms, og ho er lite imponert over reaksjonen til Mæland på vedtaket.

– Dette er ansvarsfråskriving frå Mæland og regjeringa. Tilsvaret frå Mæland viser at ho ikkje tar situasjonen på alvor. Ved å legge ansvaret på fylka vil ho gjere Troms og Finnmark til ei politisk slagmark i mange år framover, seier Borch og viser til at det er umogleg for Troms å gjennomføre ei fellesnemnd utan at Finnmark deltar.

I juni blei det klart at Finnmark fylkesting ikkje vil utnemne medlemmer til fellesnemnda som skal gjennomføre samanslåinga mellom dei to fylka. Nemnda skulle bestå av 19 medlemmer frå Troms og 9 frå Finnmark. Mæland har hevda at Troms kan ta kontroll over nemnda åleine, noko Ap-politikar Synnøve Søndergaard på fylkestinget meiner blir absurd.

– Det blir som ein barnefordelingssak utan to partar. Det er umogleg for oss å ha ein dialog med oss sjølve. Her er det to partar, og Finnmark har vore heilt tydelege på at dei ikkje vil gå inn i ei fellesnemnd. Løysinga kan ikkje liggje hos Troms åleine, men må liggje hos statsråden, seier ho.

Inviterer til dialog

I fylkestingets vedtak fredag ber Troms-politikarane Mæland peike ut valstyre og kalle inn til eit konstituerande fylkesting neste haust.

Mæland inviterer i staden fylkesordførar Ragnhild Vassvik (Ap) frå Finnmark og fylkesrådsleiar Willy Ørnebakk (Ap) frå Troms til eit møte på sitt kontor måndag 20. august. I invitasjonen heiter det at ho vil «snakke om korleis dei kan arbeide vidare med å gjennomføre samanslåingsvedtaket».

– Eg vil blant anna seie at sjølv om ein lokalt er rivende ueinige i vedtak som er fatta av Stortinget, så er dette ei lovpålagt oppgåve. Eg har gjort det eg kan for å få prosessen i gang. Fylkeskommunane er best tent med å forme ut den nye fylkeskommunen sjølv, seier Mæland til NTB.

Ueinig om lova

Påstanden om at dei to nordlege fylka no gjer noko ulovleg, er skivebom, meiner Søndergaard:

– Stortinget har ikkje opptredd lovleg i denne saka. Fleire av dei fremste juristane i landet stiller spørsmål om dette er i samsvar med lovverket.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes omtaler heile saka som ein komedie i ei melding til NTB fredag. Han kallar vedtaket om samanslåing lovstridig og forventar at saka blir sendt tilbake til Stortinget for ny behandling.

Borch varslar at Sp vil ta saka tilbake Stortinget når det opnar i oktober.

– Politikarane i Troms og Finnmark meiner alvor i denne saka. Kva skal Mæland gjere om representantane ikkje møtes? spør ho.