Førebur evakuering

Fylkesberedskapsrådet drøftar Mannen

NVE har sendt ut oransje farevarsel ved det rasfarlege fjellpartiet Mannen i Rauma. Det blir gjort førebuingar for å evakuere bebuarane i området.

VARSEL Det er sendt ut varsel om oransje farenivå ved det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen i Rauma. Bebuarar er evakuert frå området. Bildet er frå 2017.   Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

innenriks

Store nedbørsmengder og kraftig vind er grunnen til at farenivået er auka. Rørslene på fjellet er no på omtrent 9 til 19 millimeter i døgnet i øvre del av partiet, skriv NRK.

I ei melding frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal heiter det at "Fylkesmannen følgjer situasjonen nøye, og kallar i dag Fylkesberedskapsrådet inn til eit telefonmøte kl. 14:00 for å gå igjennom situasjonen."

Sjå direkte frå Mannen

Hittil i år har det vore bevegelsar på til saman éin meter ved Mannen. Fjellpartiet er blant dei mest overvaka i landet og er nøye kontrollert av geologar i NVE.

I 2014 varsla geologane eit kjemperas ved fjellpartiet, men raset kom aldri.

(©NPK)