Israels ambassade klagar Dagbladet inn til PFU

Karikaturteikninga av Israels statsminister Benjamin Netanyahu i Dagbladet har fått den israelske ambassaden til å reagere. No klagar dei avisa inn for PFU.
innenriks

Tidlegare denne veka publiserte Dagbladet ei karikaturteikning av den israelske regjeringssjefen, teikna av Finn Graff, den faste karikaturteiknaren i avisa gjennom 30 år. Teikninga viser Netanyahu med ein kroppsfasong forma som eit hakekors. I tillegg retter han ein knyttneve mot ein drusar, som er ein minoritet i Israel.

Det mosaiske trussamfunnet har reagert kraftig på teikninga og meiner den er krenkjande. No klager den israelske ambassaden Dagbladet inn til Pressens Faglige Utvalg (PFU) skriv Dagen.

– Vi har allereie sendt ein klage til Dagbladet med kopi til Pressens Faglige Utvalg, men vi skriv no ein ny klage til PFU, seier førstesekretær Dan Poraz ved Israels ambassade.

Ny omstridt lov

Bakgrunnen for publiseringa av teikninga er ein omstridt lov som Israel nyleg har vedtatt. Mange meiner den nye lova gjer ikkje-jødar til andrerangs borgarar. Fleire minoritetar i Israel fryktar at lova legaliserer diskriminering av blant anna drusarane.

Dagbladet seier dei har forståing for reaksjonane, men seier at satiren skal ha ein høgare takhøgd.

– Vi har forståing for at det blir reagert på teikninga og at den kan opplevast som ubehageleg. Samtidig er det viktig å understreke at dette er satire, og at den må lesast som ein politisk kommentar med kraftig brodd i ein karikert form. Satire er per definisjon ein bevisst overdriving, seier politisk redaktør Geir Ramnefjell i Dagbladet.

Ikkje første gong

Det er ikkje første gong den israelske ambassaden klager inn ei Finn Graff-teikning til PFU. Det same skjedde i juli 2006, etter at Graff teikna dåverande regjeringssjef i Israel Ehud Olmert med gevær og ein død palestinar.

Også denne teikninga skapte kraftige reaksjonar hos den israelske ambassaden, og daverande ambassadør Miryam Shomrat meinte teikninga var ei fornærming mot det jødiske folk.

PFU frikjente Dagbladet den gangen og konkluderte med at avisa ikkje braut god presseskikk.

– Pressens Faglige Utvalg slår fast at det må vere spesiell stor takhøgd i norsk presse for karikaturteikningar. Satiren må derfor både kunne såre og krenkje, heitte det i utsegna frå PFU.

(©NPK)