MDG meiner Sandberg må gå av

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) har sett seg sjølv over tryggleiken til riket og må gå av som statsråd, meiner talsperson for MDG Une Bastholm.
innenriks

Då Sandberg tok med jobbtelefonen på ein umeldt ferietur til Iran, braut han sikkerheitsinstruksen og råda frå Politiets tryggingsteneste (PST).

Mens opposisjonspartia ventar svar på fleire spørsmål dei har stilt til statsminister Erna Solberg (H), meiner Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) at Sandberg sjølv må ta ansvar.

– No har det komme fram nok i denne saka til at det er naturleg at Per Sandberg sjølv går av. Han har sett seg sjølv over rikets tryggleik, og det er utilgiveleg av ein statsråd, seier stortingsrepresentant og nasjonale talsperson for partiet, Une Bastholm til NRK.

(©NPK)