Møre og Romsdal

Else-May Botten vil bli fylkesmann

Arbeidarpartiets stortingspolitikar Else-May Botten ønsker å bli fylkesmann i Møre og Romsdal.

Ap-politikar Else-May Botten er valt inn på Stortinget for Arbeiderpartiet.  Foto: Stortinget

innenriks

45 år gamle Botten var førstekandidat for Ap frå Møre og Romsdal i valet i 2017. Ho sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Også tidlegare stortingsrepresentant for Venstre Pål Farstad (59) har søkt på stillinga. Han sat på Stortinget i åra 2013–2017.

May-Helen Molvær

Ein annan som vil bli fylkesmann i Møre og Romsdal, er KrF-politikar May-Helen Molvær Grimstad (50), som i dag er rådmann i Sykkylven. Ho sat på Stortinget i åra 1993 til 2009.

Frå tidlegare er det kjent at helse- og omsorgsminister og Høyre-nestleiar Bent Høie (47) og stortingsrepresentant og tidlegare barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) ønsker å bli fylkesmann i Rogaland.

Ikkje attval

Høie har understreka at han fortset som statsråd og blir sitjande i regjeringa så lenge statsministeren ønsker det. Han har også varsla Høgre om at han ikkje tar attval til Stortinget i 2021.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet offentleggjorde søkjarlistene måndag.

(©NPK)