Store bevegelsar

Steinsprang og støvskyer ved Mannen – Framleis raudt farevarsel

Det raude farevarselet blir ståande etter tolv steinsprang frå fjellsida ved det ustabile fjellet Mannen i Rauma i Romsdal torsdag.

Veslemannen Det er partiet øvst til høgre som står i fare for å rase ned og som kan vere farleg for busetnaden under.  Foto: NVE

innenriks

Steinspranga kom over ein totimarsperiode frå klokka 13.45 til klokka 15.47 torsdag, og rørslene i fjellet held fram.

– Tidlegare i dag var farten på to centimeter i døgnet. Etter skredaktiviteten har farten auka og er no over tre centimeter i døgnet, fortel seksjonssjef Lars Harald Blikra i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Rørslene i fjellpartiet Veslemannen i Romsdalen har det siste døgnet vore så store at farenivået vart heva til raudt og blir ståande på det nivået torsdag. Geologane i NVE er overraska over den store aktiviteten.

– Vi har tvilt oss fram til det raude farenivået, noko som har vist seg å vere rett. Det er overraskande at det har vore såpass store rørsler, sa Blikra under ei orientering saman med ordføraren i Rauma og politiet i Rauma kulturhus i Åndalsnes torsdag formiddag.

Gjennom natta kom det mindre nedbør enn varsla, men sjølv 10 millimeter på eitt døgn førte til at det vart registrert kraftige rørsler både i den nedre og den øvre delen av fjellpartiet.

– Dei små mengdene som kom, har gitt veldig store reaksjonar i fjellet. Døgnfarten har vore over 60 centimeter i den øvre delen og 2 centimeter i den nedre delen. Denne farten held fram torsdag – det er stor aktivitet i fjellet, seier Blikra.

Nedre delen avgjer

NVE-geolog Lene Kristensen hadde vakt gjennom torsdagsnatta. Ho fortel til NTB at døgnfarten på det meste var oppe i 65 centimeter i eit lite område av den øvre delen av Veslemannen torsdag morgon.

– Det er meir enn vi har målt nokon gong før, seier Kristensen.

I eit større område av den øvre delen av Veslemannen er rørslene målt til rundt 15 centimeter i døgnet. Det er likevel rørslene i den nedre delen som kanskje er mest interessant.

– Vi har hatt stor auke i den nedre delen med ein fart som har auka frå 3 millimeter til 2 centimeter per døgn no. Det er den nedre delen av fjellpartiet vi følgjer ekstra nøye med på – det er den som styrer om det kjem til å gå eit ras – i alle fall om det vil gå eit stort ras, seier Kristensen.

Umogleg å vite når

Det er framleis uråd å seie når raset går, og kor store rørslene må vere og kor mykje nedbør som må komme for at det skal skje. Dei stupbratte delane av Veslemannen gjer det umogleg for NVE å gjere eksakte utrekningar. Men akselerasjonen gir gode indikasjonar.

– Når farten er så stor som no, er det stor fare for ras. Samtidig har det vore relativ konstant fart dei siste timane, så vi ventar at vi får sjå farten auke endå meir før raset går, seier Lene Kristensen.

Sjølv om prognosane er usikre, er det varsla meir nedbør dei kommande dagane, både som regn og snø. Ettersom sjølv små nedbørsmengder fører til kraftige rørsler, vel NVE-geologane å vidareføre det raude farenivået inntil vidare.

Sjuande evakuering

Det auka farenivået onsdag kveld førte til at dei ni som bur under fjellet, måtte evakuerast for sjuande gong frå det rasutsette området i Romsdalen. Førre gongen var 10. august, og NVE varsla allereie den gongen fleire evakueringar utover hausten.

Alle dei evakuerte er innlosjerte i campinghytter, ei ordning som fungerer godt, seier ordførar Lars Olav Hustad i Rauma kommune.

– Eg snakka med dei i dag tidleg. Dei er sjølvsagt spente på situasjonen og slitne ettersom dette er sjuande gongen dei må evakuere, seier Hustad.

Allereie tidleg natt til torsdag hadde Sivilforsvaret oppretta både sperringar og lyttepost i området. Frå før er Raumabanen stengd mellom Bjorli og Åndalsnes på grunn av rasfaren. Ordførar Hustad fortel at dei ikkje har fått sanka inn sauene som går på beite i området.

NVE, politiet og kommunen planlegg ei ny orientering om situasjonen i kulturhuset i Åndalsnes torsdag klokka 18.




(©NPK)