Åtte jernbaneulykker rapporterte i sommar

Frå mai til august har Jernbanetilsynet fått rapportar om åtte jernbaneulykker. Éin person vart alvorleg skadd i ulykkene.
innenriks

Fem av ulykkene dreier seg om samanstøytar med gjenstandar, hovudsakleg nedriving av køyreleidning som gav stans i togtrafikken på over seks timar.

To av ulykkene kom av brann langs jernbanesporet. Den siste ulykka var ei avsporing.

I tillegg førte høge temperaturar i sommar til meir solslyng enn vanleg. Dette førte ikkje til nokon ulykker, men toga måtte køyre med redusert fart, og fleire strekningar vart stengde i periodar.

I tillegg er det rapportert om fem ulykker med trikk og t-bane i den same perioden. Totalt to personar vart alvorleg skadde i desse ulykkene.

(©NPK)