Kyrkjestreik rammar berre Oslo

Det kan blir streik i Kyrkja frå onsdag morgon om meklinga ikkje fører fram. Alle dei kyrkjelege verksemdene som kan bli ramma, ligg i Oslo.
innenriks

Parat vil saman med elleve andre arbeidstakarorganisasjonar ta ut nærare 100 tilsette i streik dersom det ikkje blir semje i meklinga.

Dersom det blir streik, er det kyrkjelege verksemder i Oslo som blir ramma.

– Ein streik kjem i første omgang til å ramme Kyrkjerådets sekretariat, administrasjonane i Oslo bispedømme, Kyrkjeleg fellesråd i Oslo og dessutan sokna i Oslo, seier forhandlingsleiar Bjørn Are Sæther i Parat.

Det vart brot i forhandlingane mellom arbeidstakarorganisasjonane og motparten Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter (KA) i juli.

Sæther seier at konflikten omfattar alle yrkesgruppene i Kyrkja.

– Prestar, diakonar, kateketar, organistar, barnehagetilsette, soknepedagogar, kontortilsette, gravarar og kyrkjetenarar er alle ein del av meklinga vi no går inn i, seier han.

Totalt 93 medarbeidarar er med i det første streikeuttaket. Fagforbundet har meldt inn flest plassfråtredingar med 36. Like bak ligg Unio og Musikernes fellesforbund (MFO) med 28 og 11 melde plassfråtredingar.

Sokna som eventuelt blir ramma av streiken, er Vestre Aker prosti, Nordre Akar prosti, Groruddalen prosti, Søndre Aker prosti og Domprostiet.

(©NPK)