Ni av ti tiåringar har smarttelefon

Stadig fleire og yngre barn har mobil. I tiårsalderen har nesten alle no smarttelefon, langt fleire enn for berre to år sidan.
innenriks

I 2016 hadde 67 prosent av barna frå ni til elleve år eigen smarttelefon, mens i 2018 er det ikkje mindre enn 87 prosent. Det kjem fram i Medietilsynets Barn og medium-undersøking for 2018.

Rundt halvparten seier dei brukte to timar eller meir på mobilen dagleg.

Fordi så mange barn har tilgang til smarttelefon, aukar òg tilgangen til ulike plattformer og medium, og det stiller krav til forståing og rettleiing, meiner Medietilsynet.

– I ein stadig aukande og meir uoversiktleg og fragmentert informasjonsflaum, blir det stilt store krav til den kritiske medieforståinga hos mediebrukarane. Dette tilseier at barn og unge frå tidleg alder treng både kunnskap og rettleiing, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Sju av ti unge mellom 13 og 18 år opplever at dei er gode til å forstå om informasjonen er sann eller falsk, viser undersøkinga. Men Medietilsynet meiner ungdommen overvurderer sin eigen kompetanse.

– Forskarar som har følgt den faktiske digitale åtferda blant ungdom, har konkludert med at både navigasjonsferdigheiter og evner til kjeldevurdering er på eit urovekkjande lågt nivå, seier Mari Velsand.

Medietilsynet har gjennomført undersøkinga Barn og medium annakvart år sidan 2003.

Til saman har 5.000 barn og unge mellom 9 og 18 år og 2.200 foreldre svart på spørsmål om medievanane til dei unge.

(©NPK)