Opposisjon vann over regjeringa – i mjølking

Sjølv med den nyutnemnde landbruksministeren på laget klarte ikkje Erna Solberg å slå Ap- og Sp-leiaren i mjølkekonkurransen under Dyrsku'n.
innenriks

Den uhøgtidelege konkurransen gjekk av stabelen på opningsdagen av Dyrsku'n i Seljord fredag.

Med på laget hadde statsminister Erna Solberg (H) den nye landbruksministeren Bård Hoksrud (Frp) og tidlegare Farmen Kjendis-deltakar Vendela Kirsebom.

Det var likevel laget med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Petter Pilgaard – også han tidlegare Farmen Kjendis-deltakar – som stod igjen med mest mjølk i mugga etter at alle deltakarane hadde mjølka i eitt minutt kvar.

(©NPK)