Nye varmerekordar fall i Bergen og Trøndelag

Aldri før har det blitt målt så høg oktobertemperatur i Bergen som då det blei målt 23,4 grader torsdag. Også i Osen i Trøndelag blei det sett ny varmerekord.
innenriks

Det blei målt 23,4 grader ved målestasjonen på Florida i Bergen sentrum, og så varmt har det aldri blitt målt her før på denne tida av året. Den gamle rekorden var på 23,1 grader, og var frå 2005, skriv Bergens Tidende.

Også i Trøndelag blei det sett ny varmerekord, nærmare bestemt på Osen, med 17,1 grader mellom klokka 13 og 14 torsdag. Den 43 år gamle oktoberrekorden på 16,5 grader blei sett 1. oktober 1975.

(©NPK)