Person stadfesta død etter utforkøyring i Flora i Sogn og Fjordane

Ein person er stadfesta død etter at ein personbil køyrde av riksveg 5 i Mækjevika i Flora i Sogn og Fjordane og hamna i sjøen torsdag ettermiddag.
innenriks

– Det var ein person i bilen som køyrde i sjøen. Vedkommande er henta ut av bilen, og er dessverre erklært død, opplyser operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Nødetatane fekk melding om utforkøyringa i Mækjevika ved Brandsøy mellom Florø og Eikefjorden like før klokka 13.30 torsdag. Redningsdykkarar frå brannvesenet blei sende til staden i tillegg til eit redningshelikopter og ei redningsskøyte, fortel NRK.

Riksveg 5 var stengd på staden mens redningsarbeidet gjekk føre seg.

(©NPK)