Dyster OECD-rapport: Jenter lærer meir enn gutar i norsk skule

I norsk skule er det større forskjellar i prestasjonar mellom gutar og jenter enn i andre land, viser ein rapport frå OECD.
innenriks

Regjeringa sette hausten 2017 ned eit ekspertutval, leidd av direktør Camilia Stoltenberg ved Folkehelseinstituttet. Mandatet var å undersøkja kvifor kjønnsforskjellar oppstår og kva tiltak og verkemiddel som kan setjast inn for å motverka uheldige kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar.

Fredag presenterte utvalet to rapportar som kastar lys over forskjellane i læring mellom gutar og jenter i norsk skule, høvesvis frå Norsk institutt for studium i innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) og Organisasjonen for samarbeid og utvikling i Europa (OECD). NIFU-rapporten viser at gutar opplever lågare forventningar til prestasjonane sine i skulen enn det jenter gjer.

– Alle fortener å bli møtt med tydelege forventningar. Det betyr at nokon har tru på deg og at du kan få det til, sa kunnskapsminister Jan Tore Sanner under presentasjonen.

Store forskjellar

OECDs rapport viser at det innanfor skulesystema i mange land er store ulikskapar mellom kjønn. I heile 29 av 34 OECD-landa er det påtakeleg kjønnsgap. På same måten som Sverige er Noreg eitt av landa med størst ulikskap mellom kjønna når det gjeld prestasjonar.

Begge landa hamnar nokså uventa i gruppe med Tsjekkia, Latvia, Slovakia og Slovenia.

Norske gutar har ifølgje rapporten større sjanse for å oppnå dårlegare skuleresultat enn jenter og har samtidig lågare forventningar om høgare utdanning. Samtidig kjem det fram at det er stor forskjell mellom jenter og gutar når det gjeld fullføring av vidaregåande skule.

Behov for tiltak

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner ønskjer å setja i verk tiltak som bidreg til at alle elevar i norsk skole blir løfta fram.

– Dei rapportane vi har fått i dag, viser at jenter har gjort det betre enn gutar heilt tilbake til byrjinga av 1900-talet. Men konsekvensane for gutar som blir hengjande etter, er mykje større i dag. Det er fordi dei skal ut i eit arbeidsliv som stiller aukande krav til formell utdanning, sa Sanner til NTB fredag.

Statsråden strekar under at det allereie er sett i verk viktige tiltak, der kunnskapsløftet har vist seg å påverka norsk skule positivt. Gjennom kunnskapsløftet har norske elevar lært meir, fleire har fullført skulen og fleire møter fram til timane. Han strekar likevel under at det er nødvendig med ytterlegare grep for å løfta fram gutane.

Sanner må likevel venta til februar 2019 før han får forslag til tiltak frå Stoltenberg-utvalet.

(©NPK)