Historisk høge hausttemperaturar

Fredag ettermiddag blei det målt rekordhøge hausttemperaturar opp mot 20 grader i Trøndelag.
innenriks

Det er meldt mykje ruskevêr denne helga, men temperaturane er venta å liggja godt opp på plussida i store delar av landet.

Fredag ettermiddag blei det målt 18,4 grader ved målestasjonen Saupstad i Trøndelag, skriv Adressa. Det er den høgste temperaturen som er målt så seint på hausten i Trondheim nokon gong. Den tidlegare varmerekorden var på 18,2 grader, 12. oktober for 13 år sidan.

Torsdag slo Bergen rekorden for oktobervarme i Hordaland på 23,8 grader og oppjusterte med 0,7 grader.

Også i Nordland låg temperaturane godt opp mot 20 grader fredag.

Det er venta store nedbørsmengder fleire stader i landet i helga, og det blir spesielt vått langs kysten på Vestlandet. Meteorologane har difor sendt ut farevarsel på gult nivå for Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Det er samtidig også venta periodar med sterk vind på Vestlandet og i fjellområda i Sør-Noreg. Det vil truleg også bli mykje vind laurdag på Svalbard. Meteorologane rår difor til at ein brukar vindtett tøy dersom ein er i dei mest vindfulle områda og skal ut.

På Austlandet blir det betre vêr. Trass i ganske grått og kjedeleg vêr, er det meldt opphald, skya eller delvis skya, og temperaturar over 15 grader. Skyene vil liggja lågt. Det vil difor vere utrygt for lokal tåke fleire stader.


(©NPK)