KrF held landsstyremøte i helga

Landsstyret i Kristeleg Folkeparti skal ha eit nytt møte i helga om det omstridde vegvalet, opplyser partiet.
innenriks

Eitt av temaa på møte blir i kva rekkefølgje dei ulike alternativa skal stemmast over. På landsmøtet 2. november skal KrF velje mellom å gå saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, tre inn i regjeringa Solberg eller fortsette i opposisjon – som i dag.

Sentralstyret i KrF møttest torsdag og vil sende si innstilling til landsstyret. Media vil få innsyn i sakspapira når desse er sende ut til organisasjonen, seier kommunikasjonsrådgjevar Stig-Øyvind Blystad til NTB.

(©NPK)