Utanlandske verftsarbeidarar må betala reisa sjølve

Tariffnemnda har fjerna plikta arbeidsgjevar har til å betala reisa til Noreg for utanlandske verftsarbeidarar. Fellesforbundet er skuffa over avgjerda.
innenriks

Ifølgje Fri Fagbevegelse skjer endringa fordi ordninga kan vera i strid med EØS-avtalen.

Etter avgjerda er arbeidsgjevarane berre pålagt å dekkja reise, kost og losji på arbeidsreise innanfor grensene til Noreg. Fellesforbundet er skuffa, fortel Knut Øygard, leiar for tariffavdelinga i Fellesforbundet.

– Allmenngjering er kanskje det aller viktigaste verktøyet vi har mot sosial dumping, og no er ein viktig del av allmenngjeringa fjerna, seier han.

Det er første gongen sidan allmenngjeringa, altså å gjera det lovpålagt for alle å følgja, blei innført i industrien for ti år at den statlege Tariffnemnda har gjort ei endring som er til det verre for arbeidstakarane, skriv Fri Fagbevegelse.

(©NPK)