Utval skal granske partnardrap

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) har sett ned eit eige utval som skal gjennomgå alle partnardrapssaker i Noreg.
innenriks

I mandatet ligg blant anna å finne ut av kvifor så mange varsla drap ikkje blir forhindra. Utvalet, som vart sett ned fredag, skal vere ferdig med sitt arbeid og levere ei innstilling innan utgangen av september 2019.

Utvalet blir leidd av Ragnhild Hennum, professor i offentleg rett ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

– Målet er at dei har konkrete forslag til konkrete lovendringar eller andre endringar som må gjerast, etter å ha lese alle drapssakene og undersøkt. Det er eit poeng å lære av kva som har skjedd, seier Wara til VG.

Frå 2000 til 2016 vart 150 menneske drepne av partnaren i Noreg. Det svarar til mellom ein firedel og ein tredel av alle drapa i desse åra.

90 prosent av offera for partnardrap er kvinner, men delen drap der ei kvinne er gjerningsperson er aukande. Dei siste åra har nesten halvparten av drapa i denne kategorien hatt ein gjerningsperson som er fødd i utlandet.

Ekspertutvalet skal spesielt konsentrere seg om sakene der drapsofferet har vore i kontakt med hjelpeapparatet før det fatale skjedde.

– Forsking viser at desse drapa sjeldan kjem utan forvarsel. Potensialet for å førebyggje betre og meir systematisk er derfor stort, seier Wara.

Hittil i 2018 har norsk politi starta etterforsking av 18 drapssaker med til saman 19 offer. I seks av sakene har den sikta og offeret vore i eit parforhold, går det fram av NTBs drapsoversikt. I fire av dei seks sakene har både offera og den sikta utanlandsk bakgrunn.

(©NPK)