Andreas Wiese sluttar som dagleg leiar ved Litteraturhuset

Andreas Wiese går av som dagleg leiar ved Litteraturhuset i Oslo etter fire år i jobben.
innenriks

Ifølgje Wiese sluttar han i jobben for å få meir tid til å skrive.

I jobben som dagleg leiar har han arbeidd med å styrkje og utvikle Litteraturhuset som ein leiande institusjon for formidling og diskusjon av litteratur i Noreg, heiter det i ei pressemelding frå Litteraturhuset.

Wiese vil fortsette i rolla som dagleg leiar fram til ein ny leiar tiltrer. Deretter vil han vere knytt til Litteraturhuset i ei anna stilling.

Styret er allereie godt i gang med arbeidet med å finne ein ny dagleg leiar.

(©NPK)