Kortbruken auka i oktober

Det vart utført 162,2 millionar kortkjøp her i landet i oktober i år. Det svarar til ein vekst på nesten 4,8 prosent samanlikna med oktober i fjor.
innenriks

Det kjem fram i nye tal frå Nets og BankAxept. Ifølgje tala er oktober den månaden til no i år med størst vekst i omsetning med betalingskort. Det vart nytta betalingskort til handel av varer og tenester for nesten 53 milliardar kroner.

Bankkort med BankAxept vart i oktober nytta 137,8 millionar gonger, og det vart handla med BankAxept for meir enn 42,2 milliardar kroner.

I tillegg til BankAxept-kort, fordeler kortbruken seg på ulike internasjonale kort, kredittkort og elektroniske gåvekort.

Det er også god vekst for kontaktlause betalingar. I oktober vart det tæppa nesten 5,3 millionar gonger med BankAxept-kort, ein auke på 22,1 prosent frå september.

– Når kundane tæppar kortet, går betalinga raskare, noko som er effektivt for både kunde og butikk, seier Vegar Heir, kommersiell leiar for Vipps AS, som BankAxept no er ein del av.

(©NPK)