SalMar den store vinnaren på Oslo Børs

Lakseaksjane vart dei store vinnarane på Oslo Børs fredag. Oljeprisnedgang førte til at hovudindeksen fall med 0,68 prosent til 886,44 poeng.
innenriks

Equinor toppa som vanleg omsetningslista. Aksjen fall med 2,53 prosent etter å ha blitt omsett for 766 millioner kroner. På dei neste plassane på omsetningslista følgde Aker BP (-4,3 prosent) og Subsea 7 (-4,15 prosent).

SalMar ble vart den store vinnaren fredag og steig heile 10,89 prosent etter å ha lagt fram gode kvartalstal. Andre lakseaksjar fikk også ein opptur, blant andre Marine Harvest (+3,14 prosent), Grieg Seafood (+4,07) og Lerøy Seafood Group (+2,99).

Oljeprisnedgang førte til fall for fleire enn Equinor. Aker BP gjekk ned 4,36 prosent. Ved 17.30-tida fredag vart eit fat nordsjøolje omsett for litt under 70 dollar – eit fall på 1,5 prosent i løpet av dagen.

Ute i Europa var det ein svak nedgang på dei leiande børsane fredag. FTSE i London fall med 0,5 prosent, CAC 40 i Paris likeså. DAX 30 i Frankfurt steig derimot med 0,04 prosent.

(©NPK)