Stavanger kommune tar grep etter bomaksjon

Stavanger kommune tar grep etter at 50 bompengedemonstrantar gjekk inn i salen og avbraut eit bystyremøte. Tilgangen til sjølve bystyresalen blir avgrensa.
innenriks

Måndag førre veke måtte politiet i Stavanger rykke ut og snakke med eit femtitals bompengeaksjonistar, som hadde tatt seg inn i salen under eit bystyremøte. Demonstrantane gjekk inn i bystyresalen mens dei ropte slagord og skjellsord til Stavangers folkevalgde, skreiv Rogaland Avis.

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) varsla i etterkant at hendinga skulle evaluerast. Idag kunne beredskapssjefen i kommunen overlevere rapporten med evalueringa til rådmannen i Stavanger, Per Kristian Vareide.

Konklusjonen er at opne møte framleis blir hovudregelen, men at tilgangen til sjølve bystyresalen blir avgrensa, ifølge avisa.

– Vi vil fortsatt ikke akseptere at nokon prøver å forhindre eller forstyrre formelle utvalsmøte i lokaldemokratiet, opplyser rådmann Vareide.

Ein av demonstrantane overtok også talarstolen og vart ståande trass i at ordførar Christine Sagen Helgø (H) og ein vektar ba han om å gå ned. Aksjonisten Jan Ove Sikveland fekk tidlegare denne veka eit forelegg på 25.000 kroner for hendinga.

(©NPK)