Abid Raja godtek orsakinga frå Grande – seier han har full tillit til partileiaren

Venstre-topp Abid Raja har skværa opp med partileiar Trine Skei Grande, som midt i budsjettprosessen på Stortinget skjelte ut partifellen medan andre høyrde på.
innenriks

– No har Trine beklaga den samtalen. Ho har beklaga at ho sa det, og ho har beklaga det ho sa. Eg tek den orsakinga til meg og aksepterer han fullt ut, seier Raja til NTB torsdag ettermiddag.

– Gode leiarar erkjenner feila sine. Trine er ein god leiar som har erkjent feila sine. Eg har fått ei orsaking og legg no heile denne episoden bak meg, held stortingsrepresentanten fram.

Han viser til at dei to Venstre-toppane har kjent kvarandre i to tiår.

– Ein kjennskap som har vart i 20 år, set ein ikkje strek over fordi det skjer episodar kor det, som ho seier, gjekk ei kule varmt. Vi har jobba tett og godt saman for Venstre, og vi kjem til å jobbe tett og godt saman for Venstre framover, seier Raja.

Han meiner det er ei god side ved det norske samfunnet både å be om orsaking når ein gjer feil og å akseptere ei orsaking som blir gitt.

Vart skjelt ut

Det halvtimes lange forsoningsmøtet på Stortinget torsdag, der òg parlamentarisk leiar Terje Breivik var til stades, kom ifølgje Raja i stand etter at han kontakta Grande sist måndag. Han seier møtet enda med at dei to gav kvarandre ein klem.

Grande måtte tidlegare i veka legge seg flat og beklage etter at ho baksnakka Raja, som er finanspolitiske talsmann i Venstre, i ein telefonsamtale med Høgres Henrik Asheim 10. november, midt under budsjettforhandlingane på Stortinget.

Asheim hadde sett på høgtalaren på mobilen då han i eit budsjettmøte ringde opp Grande for ei budsjettavklaring om støtte til organisasjonen Human Rights Service (HRS). Med fleire finanspolitikarar til stades overhøyrde Raja partileiaren seie at ho, ifølgje fleire medium, meinte Raja undergrov heile budsjettprosessen og partiet.

– Sjokkerande

Raja stadfestar samtalen overfor NTB. Han vil ikkje gå nøyaktig inn på kva som vart sagt, men tilbakeviser heller ikkje det som er referert i media.

– Det var veldig overraskande. Eg var fullt uførebudd på den samtalen, uvitande. Vi vart sett ut alle saman, det var litt sjokkerande, seier Raja.

Uvissa om korleis Venstre i budsjettforhandlingane ville stelle seg til spørsmålet om kutt i støtta til HRS var årsaka til at Asheim ringde til Grande.

– Det er eit forbetringspotensial på kommunikasjon om korleis saker har vorte forvalta på ulike nivå. Eg og Grande er einige om at kommunikasjonen skal forbetrast, seier Raja.

Venstre-profilen vart sjukmeld i etterkant av utskjelling frå Grande, men er no tilbake i jobb på Stortinget.

– Full tillit begge vegar

Hendinga har gitt ny næring til spekulasjonar om at Raja skal vere ute etter å overta Grandes jobb, noko hovudpersonen kategorisk avviser.

– Eg er ikkje ute etter å ta jobben til Trine. Det har vore nokre spekulasjonar om dette. Det vil eg på det sterkaste avkrefte.

– Eg har Trines tillit til å vere medlem i finanskomiteen og gjere den jobben partiet treng av meg der. Og Trine har tillita mi til å vere partileiar. Vi står samla bak henne som partileiar, seier han.

Raja skjønner samtidig at folk stiller spørsmål om korleis Venstre-leiinga skal kunne samarbeide godt i fortsetjinga med den saka som no er blottstilt offentleg.

Eg forstår at det kan stå fram vanskeleg. Eg kan òg erkjenne at det å byggje opp att den tillita, tek litt tid. Men vi har starta prosessen godt no, seier han.