PST etterforskar alvorlege truslar mot justisministeren

Politiets tryggingsteneste (PST) etterforskar alvorlege truslar retta mot justisminister Tor Mikkel Wara (Frp).
innenriks

– Vi har i ettermiddag starta etterforsking av truslar mot styresmaktspersonar. Vi er i ein innleiande fase av etterforskinga. Det er aspekt av saka som gjer at vi ser svært alvorleg på ho, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST til NTB.

Han seier at dei etterforskar breitt, men vil førebels ikkje gi ytterlegare kommentarar.

Saka vart først omtalt av Filter Nyheter, som skriv at ein eller fleire personar mellom anna har gjort skadeverk på privatbustaden og bilen til justisministeren. Nokon har skrive «Rasist» på bilen og huset til Wara.

– I tillegg er det festa noko som kan likne på ein tenn-anordning knytt til drivstofftanken på denne bilen, seier krimkommentator Olav Rønneberg i NRK til eigen kanal.

PST opplyser til NRK at dei òg undersøkjer om det er samanheng mellom truslane og funnet av sprengstoff på politihuset på Ski.

Justisdepartementet ønsker ikkje å kommentere saka overfor NTB.


(©NPK)