Endeleg løysing i glas-konflikt om det nye Nasjonalmuseet

Det såg lenge ut til å skjere seg mellom Statsbygg og arkitekten bak det nye Nasjonalmuseet i Oslo. No har dei endeleg funne ei løysing som alle er nøgde med.
innenriks

Det skriv NRK.

Konflikten har dreidd seg om den såkalla alabasthallen – ein gigantisk, lysande hall på toppen av museet. Det vart tidleg klart at det gjennomskinlege mineralet alabast likevel ikkje kunne brukast, fordi det ikkje ville tole norsk vêr og vind.

Deretter har arkitektane og Statsbygg ikkje klart å bli einige om eit alternativ.

I sommar vart det kjent at Statsbygg vurderte å heller bruke «industriglas», noko som gjorde arkitekten bak prosjektet så rasande at han vurdert å droppe opninga til museet, fordi han meinte Statsbygg si avgjerd ville bli ei skam.

Løysinga har no vorte å bruke marmor.

– Marmoren skal liggje som ein tynn film, mellom to glaslag, så han vil nærast vere hermetisk lukka. Løysingane vi har sett på tidlegare, har ikkje hatt dei same kvalitetane, seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg til NRK.

Det er det tyske arkitektkontoret Kleihues + Schuwerk som vann oppdraget med å designe kunstbygget. Arkitekt Claus Schuwerk er letta over vendinga i saka.

– Det er eit mirakel. Eg skal innrømme at det såg mørkt ut, og eg hadde lite håp om at vi ville få til ei løysing. Det andre alternativet hadde vorte som eit kjipt Ikea-kjøkken, seier arkitekten til kanalen.

(©NPK)