Helsedirektør Bjørn Guldvog held fram i seks nye år

Bjørn Guldvog (60) har fått fornya åremålet sitt som helsedirektør for seks nye år.
innenriks

Guldvog har vore direktør i Helsedirektoratet sidan 2012.

Han har erfaring som lege, forskar og forskingsleiar og har vore instituttsjef ved forskingsinstituttet Heltef ved Ahus, divisjonsdirektør i Sosial- og helsedirektoratet og assisterande direktør i Helsedirektoratet frå 2005 til 2012.

(©NPK)