Mann skulle jakte kråke – trefte barnehagetilsett

Ein kråkejeger trefte ved eit uhell ein barnehagetilsett i foten på tur med 14 barn i Meland kommune i Hordaland. Politiet har no lagt vekk saka.
innenriks

Hendinga skjedde i slutten av oktober, skriv avisa Nordhordland. Mannen sa han var på kråkejakt med salongrifle då eit skot på avvege trefte noko ganske anna enn fugl. Ein barnehagetilsett på tur med 14 barn vart treft av vådeskotet i foten. Han vart ikkje skadd, men barna vart veldig skremde av det som skjedde, opplyste politiet då.

No har politiet etterforska saka og har konkludert med at ho blir lagt bort som eit ikkje straffbart forhold, opplyser lensmann Kjell Idar Vangberg til avisa.

– Vi har vore og sett på det, og det er ikkje skote i retning av barnehagebarna. Dette er eit prosjektil som kom frå lufta og datt ned, opplyser Vangberg.

Mannen som vart treft, vart ikkje skadd av kula. Ifølgje lensmannen var det ikkje mogleg å skyte mot barnehagebarna frå den staden skyttaren stod.

(©NPK)