Mobilbruk i bil skal straffast med to prikkar

Frå nyttår vil bruk av handhalden mobiltelefon i bil bli straffa med to prikkar. Viss det er nødvendig, kan bøtenivået og talet på prikkar justerast opp.
innenriks

Bruk av mobiltelefon under køyring, særleg bruk som inneber tasting og lesing, er knytt til høg risiko, poengterer regjeringa. Forbodet mot dette blir i svært liten grad respektert.

– Som eit tiltak for å auke etterlevinga, blir det innført prikkbelasting for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring, heiter det i ei pressemelding om forskriftsendringa fredag.

Den nye ordninga vil gjelde frå 1. januar 2019. Brot på mobilbrukforbodet vil medføre to prikkar i førarkortet, alternativt fire prikkar i prøveperioden. I dag gir brot på forbodet 1.700 kroner i bot.

Samferdselsdepartementet vil følgje utviklinga nøye, og både storleiken til bota og talet på prikkar kan justerast opp om det skulle vise seg å vere nødvendig.

– Lesing, teksting og fikling med mobilen bak rattet medfører stor fare og tek liv i trafikken. No strammar regjeringa inn regelverket, og det er vi i Høgre glade for, seier Helge Orten, komitéleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

(©NPK)